Internasjonalt jazzmøte

I fire dagar har representantar frå europeiske jazzfestivalar vore samla på Kongsberg Jazz Meeting for å diskutere kva ein suksessrik festival bør innehalde. Men kva meiner dei om vår festival?

Deltakarane har diskutert korleis dei kan skape dei verkelege gode musikkopplevingan på festival og gjerne også på ein lønsam måte, leiing og marknadsføring. Dei har også hatt eit tett konsertprogram og me har møtte tre av dei for å høyre litt om deira inntrykk av Kongsberg Jazzfestival og årets program.

Frå Romania og Sibiu Jazz Festival kjem festivalleiar Simona Maxim. Dette er ein av dei store jazzfestivalane i landet og blir i år arrangert for 48. gong.

– Dette er ein fantastisk festival. Level 42-konserten var veldig godt og med god stemning. På fredag høyrde me på Megalodon Collective. Eg likte dette bandet også, dei er veldig originale og har verkeleg eit potensiale vidare, seier Simona Maxim.

To andre deltakarar er Martyna Markowska, artistansvarleg på Katowice Jazzart Festival i Polen og Henning Bolt, Nederland, musikkjournalist for All about Jazz og London Jazz News.

– Det er så livleg her, byen er full av musikk og menneske. Det er nesten vanskeleg å sjå for seg korleis byen er utan alt dette folkelivet. Eg er sjølv artistansvarleg på ein “edgy” festival der me ofte inviterer norske artistar innnan meir “hard core jazz”. Her på festivalen likte eg spesielt godt bandet “The Thing” på som spelte på Energimølla på torsdag.Og så ser eg fram til Serendip på laurdag, det blir spanande med ein festival i festivalen, seier Martyna Markowska.

For musikkjournalist Henning Bolt er det tredje besøket på Kongsberg Jazzfestival

– Eg kjenner etterkvart godt til Kongsberg og det er ein flott festival. Eg blei med på denne samlinga for å finne meir ut om kva som skjer på den norske jazzscena. I Noreg blir det produsert mykje ny jazzmusikk og de finn nye måtar både å presentere og selge musikken på. De veit korleis de skal gå nye vegar. Dette er ein privilegert posisjon som blir utfordra mange andre stader i Europa, meiner Henning Bolt.

 

Henning Bolt, Nederland og Martyna Markowska, Polen, er to av deltakarane på Kongsberg Jazz Meeting.

 

Tekst: Inger Johanne Midtgarden / Foto: Mats Even Omberg