Dei nye Kongsberg-stemmene

Kongsberg kan skryte av å fostre mange unge lovande jazzmusikarar. To av desse er Håvard Aufles og Axel Skalstad,  fredag stod båe på festivalscena. 

Håvard Aufles (20 år) hadde med seg prosjektet Aufles’ Turbomodul og Axel Skalstad  (24 år) hadde med seg  PSS-80. Dei to har både oppvekst på Kongsberg og studier på jazzlinja på NTNU felles. Vidare har båe fått Kongsberg Jazzfestival sin rekrutteringspris.

 

Korleis vil de beskrive musikken på konserten i kveld?
Håvard: Min konsert er ein takk-for-prisen konsert etter at eg fekk Kongsberg Jazzfestival sin rekrutteringspris i 2016, og det er same konserten som eg heldt på Energimølla her på Kongsberg i april. Dette er eit prosjekt som eg kallar Aufles Turbomodul, og musikken er det eg vil kalle enkle og fine straighte komposisjonar. Musikken er nokså spontant kombinert og leiken, utan at det ligg nokon særleg seriøs baktanke bak. Dagsforma til oss som spelar vil nok prege framføringa ein del.

Axel: Eg skal spele eit prosjekt saman PSS-80, som er eksamensbandet mitt frå musikklinja ved NTNU i Trondheim. Her skriv Karl Bjorå og eg låtar saman. Prosjektet kan nok best beskrivast som sjangeroverskridande komposisjonsmusikk.

 

Kva er koplinga mellom Kongsberg, festivalen og jazz for dykk?

Axel: Festivalen har vore ein stor del av den musikalske oppveksten min. Det er ein luksus med både jazzfestivalen og jazzklubben i byen. Men det er ikkje bare festivalen som er viktig. Energimølla og konsertane her er ein veldig viktig del av det spirande jazzmiljøet her i byen. Men jazz blir vidt definert, og eg føler at det har blitt presentert sjangeroverskridande musikk båe stader. 

Håvard: Jazzfestivalen er fin bidragsytar, og som andre seier, så får me jazzmusikk servert på eit sølvfat med festivalen.

 

Kva betyr det sosiale på jazzfestivaler slik som her på Konsgberg Jazzfestival?

Axel: For meg er det absolutt viktigast å møte andre likesinna, å dele alle dei kule konsertopplevingane saman med andre.

Håvard: Og her på Kongsberg møter eg kjente heile tida, og det er lett å støyte på og bli kjent med nye folk i gatene.

 

De har båe fått Kongsberg Jazzfestival sin rekrutteringspris som går til lovande, unge musikarar frå Kongsbergregionen. Kva har denne prisen betydd for dykk musikalsk?

Axel: Det er alltid stas å bli sett pris på. Og at ein må takke for prisen med ein konsert gjer ein står på litt. Det var ein veldig boost. Eg fekk prisen rett etter eit år på folkehøgskule og det kjendes veldig bra etterpå.

Håvard: Eg hadde litt sperre for å skrive eigen musikk, og for meg blei prisen ein kick-start på det å skrive då eg skulle lage musikk til denne takke-for-prisen konserten. Det var også moro å bli dratt opp på scena for å ta i mot prisen. Det er mange bra musikarar som har fått prisen før, så det var både litt alvor rundt det heile og og veldig moro med ein slik boost.

 

Kva driv de på med elles når de ikkje spelar her på festivalen?

Axel: Eg spelar mykje forskjelligt. Som trommeslagar kan ein vera med på mykje og eg er med på fleire ulike prosjekt for tida.

Håvard: Eg prøvar å bruke tida som musikkstudent så godt som råd og prøvar ut ulike ting i ulike band.

 

Tekst: Inger Johanne Midtgarden / Foto: Hans Christian Graaner